28. oktober Medlemsmøte Jåttå og Hinna historielag


Jåttå og Hinna historielag  ønskjer velkommen til møte  måndag 28. oktober kl. 19 på Idun.

Ingvald Revheim: Frå klyngetunet på Jåttå, 1905. I privat eige: Elly Jåtten. Foto av målarstykket: Jostein Jåtten.

Busetnaden på Jåttå var «i gamle dagar» samla på eit fellestun, eit såkalla klyngetun, på øvre Jåttå like ved Jåttåhaugen. Bygningane låg tett og det var somme plasser vanskeleg å køyre med hest og kjerre mellom dei. Det var «trongbølt på Jåttå».
Jostein Jåtten, Randi Eriksen (f. Jåtten) og Inge Jåtten har alle vakse opp på øvre Jåttå på bruk som har vore i slekta i alle år. Dei vil vise bilete og dele deira kunnskap med oss i historielaget.
Tema: Frå «trongbølt på Jåttå» til gardsdrift og grønsakdyrking i særklasse
Obs! Møtet startar med «lagsaktuelt» ved Petter Urdal og Atle Ellefsen.
Entré kr 30,-.
Ver velkommen!
Helsing Styret

Powered by WordPress | Designed by: suv | Thanks to toyota suv, infiniti suv and lexus suv
Rogaland Historielag