
Innkalling til årsmøte i Hjelmeland Sogelag
onsdag 11.mars 2015 på Biblioteket i Hjelmelandsvågen, kl 19.00
Sakliste:
1 . Valg av møteleiar og skrivar
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Godkjenning av årsmeldinga
- Godkjenning av rekneskap
- Auka medlemskontigent (sjå eige saksfremlegg)
- Valg
- Innspel til program / aktivitet
Styret i 2012: Leiar Arnfinn Olsen (på valg),styremedlemmer: Olav E. Skjervik ( ikkje på valg), Jone Hagalid (ikkje på valg), Morten Hetland ( på valg) , 1.varamedlem: Øyvind W. Kleppa (på valg), 2.varamedlem: Kjell Tysdal (på valg). Revisor: Tor Olav Følgjesvoll
I valnemnda : Ståle Eggebø og Jens Kleppa
Årsmøtet startar med ein felles kulturdel i lag med Folkeakademiet . Dette året kjem Helge Huneide, mannen bak kinosuksessen ”13. dagar i april” som blei vist på Samfunnshuset i 2013. Han vil syna ein 20 minutters film som heiter ”Krambugutten”, ein film om Tolleiv Bjerkreim,økonomen som tok utdanning i København på 1940-talet, og kom tilbake til Rogaland og blei industrileiar i ei av dei viktigaste bedriftene der. Filmen syner eit filmatisk grep for å gi historia liv!
Det blir servert kaffi og litt attåt , og me får tid å snakka litt med Helge.
Alle er hjarteleg velkommen!
Helsing styret i Hjelmeland Sogelag,
Arnfinn Olsen (leiar)
Share on Facebook