Kulturkveld i Gjesdal


 

 

Kulturkontoret  og Gjesdal historie og ættesogelag har samarbeida om ein kulturminnedag 11 september kl.18-20. På Veveriet Ålgård. Kulturminnedagene går over heile landet, og i Noreg er det nesten 120 arrangement. Gjesdal historielag har gjennom lang tid samla alle minneoppgavene som blei skrevne  i 1985 frå Gjesdal kommune, totalt 26 forteljarar, og dei fleste frå innsamlinga i 1965. Deler av desse forteljingane har blitt sett saman til ein prolog, som vil bli framført av 2 skodespelare. Det er og 100 år sidan kvinnene fekk stemmerett og difor har ein trekt fram fleire kvinner frå Gjesdal. Blant anna Liv Godin Kyllingstad og kongress medlem Coya som hadde foreldre frå Gjesdal. Der vil bli eit kort foredrag om begge desse kvinnene. Ørnulf Tendeland frå historielaget vil framføra foredraget om Coya.

Kulturvernforbundet som er ein paraplyorganisasjon for dei frivillige kulturvernorganisasjonane i Noreg, har kåra arrangementet i Gjesdal til årets vinnar av kulturminnedagsprisen. Ein begrunnelse er at dette er lokalt forankra, og at ein har gjort kulturarv tilgjengelig  for folk flest. Samarbeidet mellom Kulturkontor og historielag vart og trekt fram. Kulturprisen vil bli utdelt under møtet

Powered by WordPress | Designed by: suv | Thanks to toyota suv, infiniti suv and lexus suv
Rogaland Historielag