Kvernhus ved Frøylandsånå


Kverna i Frøylandsånå
Kverna i Frøylandsånå

Fortalt av Bjarne Skjørestad

«Kvednå» i Frøylandsånå

Bjarne Skjørestad har gjort någen tilbakeblikk i forbindelse med gjenopning av kvednå og avdukning av minneplate 25. august 1993.  Me er: Sverre Frøyland, Bjarne Skjørestad og Leiv Hogstad.

Dette er någen tilbakeblikk på det arbeidet som Sverre, Bjarne og Leiv har vore med på, og som er blitt kalt for gjenoppbygging av kvednå i Frøylandsbekkjen. Her me står nå, er dette nr seks av i alt ni kvernfall nedover mot sjøen, så det var kverner i bruk både ovenfor og nedenfor denne her. Ka tid dei begyndte, og ka tid dei slutta med maling av mjøl her i denne kvednå det veit me ikke sikkert, men det er vel rimelig å tru at dei begyndte ganske tidlig på 1800 talet, og at dei slutta av eit stykke ut i vårt århundre. Men det som er sikkert er at det blei malt mjøl i 1893, altså for hundre år sidan i år. Det var ikke bare folk fra bygdå her som fekk malt kodne sitt, det blei fraktet kodn med seilbåter frå Stavanger, men det vil ho Ragnfrid fortelle meir om.

I dag er dette et friluftsområde med sykkel og gangsti, så det ligger veldig gunstig til for folk som er  interessert i å sjå koss våre forfedre laga sitt eget brød og grautmjøl. Først av alt måtte med få dette avklart med, og godkjent av kommunale myndigheter, og dette måtte nødvendigvis ta någe tid. Men me møtte stor interesse og velvilje for et slikt tiltak, og det var då heller ikke lenge før me fekk klar signal at me kunne bare sette i gang, og nødvendig arkitekt hjelp skulle kommunen hjelpe oss med.

Det er nå temmelig nøyaktig 4 år sidan med begyndte på dette arbeidet med å bygga opp igjen desse husene. Det var då berre eit einaste vilniss her, og det var vell nokså utenkelig for ein utenforstående å forstå, at det her hadde blitt malt mjøl som blei brukt i den daglige hushaldning for over 100 år sidan. Men efter kvart som me fekk  rydda vekk trær og kvister, og ikke minst røter då kom me fram til restane av det som ein gang hadde vore grunnmurar til mølla og tørkehuset.

Korleis desse husene såg ut på den tida, det har me ikke klart å finna ut av, for det fins ikke någen bilder, eller någen som er i live i dag som har kunna fortelle oss någe om kor det såg ut her i då dette var i bruk, og nå kom det vel med å få hjelp av arkitekt, som har laga tegninar tilnerma slik som kvernhus var i gammel tid. Utvendig ser dei nå kanskje någe meir moderne ut enn dei var for 100 år sidan, men funksjonelt er dei bygt opp nøyaktig på samme måten som dei var då.

Det var ikke mange funn me gjorde når me renska tomtene, men eit par ting må eg få nevna. I det hjørna på tørkehuset som pipa står, der fant me restar av ristene og aske der dei hadde fyrt under tørkepanna når kodnet skulle tørkast, og i dag er tørkepanna plassert akkurat på den samme plassen.

Når med snudde og vende på steinane her, kom me over ein stor flat stein som det var lagt eit spor i. Det må ha vore den steinen som hadde være brukt som lager for vasshjulet, som dreiv røreverket i tørkepanna. Den samme steinne er brukt som lager i dag og. Me har ikke gjort någen ting med den bare lagt den på rektig plass, hadde litt fett i sporet lagt aksen oppi, og det sviver som det skulle være på kulelager.

Det var heller vanskelig å finne brukbare steinar til murane, for dei fleste hadde form som siruppsnippar, og skulle me prøva å bearbeida ein stein for å få eit rettvikla hjørna så sprakk den som regel ein heilt annen plass enn det som me hadde tenkt. Bekkjaløpet her er omlagt og omarbeidet i nyare tid, og me har vell ein misstanke om at dei beste steinane er brukt til dette arbeidet. Men me fekk omsider til murane slik me meinte dei burde vera, og nå måtte me begynde å tenke på treverket.

Det var ikke bare å gå til nermaste trelastlager å kjøpa det som me skulle bruka, for det var ikke lagervare det som skulle brukast. Det er spesial bestilte dimensjoner i førsteklasses furu, bestilt direkte fra sagbruk, og desse materialene vil med godt vedlikehold halde i mange – mange år framover. Arbeidet med treverket det var fint vinterarbeid, då fekk med vera innendørs og bygge opp og tilpasse det meste, slik at når me kjørte det på plass, så var det bare å lø det opp på murane, og husene var under tak på någen timar. Me har her prøvd å fylgja gammel byggeskikk og håndverk så godt som det har latt seg gjera.

Me hadde og bruk for material til kvernkallen eller kadelen som me seier på dialekt. Emnet til denne fant me inne på kommunen sin eiendom Nodhagen inne på Bergsagel. Ei såkalt rotvelta, ei kjempe stor eik som me fekk overta. Denne kuttet me opp i passande lengder, veltet den ned til sjøen, og slepte den sjøveien til sagbruket på Bergsagel, der fekk me den grovskåret til dei dimensjoner som me hadde bruk for. Efterpå blei den transportert til Hommersåk der den lå og tørka i ca. 1 1/2 år før me bearbeida den videre til den kvernkallen som driver kvernsteinen i dag.

Kvernsteinar ja, me rekna nok med i utgangspunktet, at kvernsteinar det skulle det ikke bli vanskelig å få tak i. Men det viste seg at det skulle bli det største problemet som me hadde. Eg hadde nær sagt me har prøvd både i sør-nord-aust og vest. Me håpa jo på at me skulle få brukbare steinar i byggdå her, her som det har vore så mange såkalte bekkjakvednar i drift i gammel tid, men det vilde ikke lukkast. Me fekk sagta mange tilbud, men me fant ingen som riktig passa oss. Enten så var dei for store, det var bare enkelt steinar, eller dei var skada og var ikke brukbare av den grunnn. Og dei har og vore veldig populere som hagebord.

Men skulle me nå det siktemålet som me heile tida har arbeidet i mot, at med tilslutt skulle få ferdig skikkelig malt mjøl, så måtte me og få tak i brukbare kvernsteinar, og då burde dei helst vera eit par. Der er kanskje någen som lurer på kofor det skal eller må være eit par. Me skille her mellom ein understein og ein overstein. Understeinen ligger fast oppå ein benk, oppå den ligger oversteinen, og blir drevet rundt av kvernkallen, og då skurer steinflaten i mot kvar andre, dei er då tilpassa slik at dei danner eit par. Kodnet blir så matet ned i holet på oversteinen, og blir videre dratt ut melom steinflatene, knust og malt til mjøl som kommer ut rundt steinene, og ført videre ut i ein samlekasse. Avstand melom steinene kan reguleres efter kor grovt eller fint mjøl eil vil ha. Kvernsteinar er ein spesiell steinsort som har nogen harde og slitesterke korn som kalles for «Staurolitt» (diamant), og den beste steinen kommer fra Selbu i Trøndelag.

Men til slutt måtte med ut av bygda før me fant det me var på jakt efter. Og nå var me heldige og fekk den rette steinen, det var og en ideell størrelse for oss. Dei blei og gjenforent til eit par, sjøl om dei var blitt adskilt, og havnet fleire mil i fra kvar andre. Nå er me veldig gald for at desse steinane er kommet her til oss. Dei har en spesiell historie. men den skal eg ikke komme inn på her. Her skal bare nevnast at dei kommer i fra Gersdal i Lund, at dei blei brukt under siste krig, og blant annet hjelpte någen heimefrontkarar med mjøl. Han som hjelpte oss med dette bor nå på Riska aldersheim. Han heiter Herleif Gjersdal. Og han er med oss her i dag,

Me kan nå sei at me har nådd det målet som me satt oss nå me begyndte, at me tilslutt skulle kunna mala brød og grautmjøl slik våre forfedre gjorde det i gammel tid. D.v.s. for nær 100 år sidan. Me har nå kokt byggmjølsgraut – laget komle og bakt brød av mjølet som er mole på kvednå i Frøylandsbekkjen. Men før det er kommet så langt, skal me heller ikke gløyma at kodnet må tørkast godt før det kan malast. Og tørkepanne – røreverk og vasshjul er ein viktig del i denne prosessen. Alt dette er heimelaga og konstruert slik det var brukt i gamle dagar. Det har nok vore någen utfordringer underveis, for det lite eller ingen ting å få kjøpt ferdig av det me hadde bruk for. Ta bare ein så enkel ting som ein dørlås. Der prøvde me lenge å finna någe brukbart. Men nei, ingen tilfredstilte kravene til ein god lås i kvern og tørkehus. Enden på den visa var at dei blei heimelaga dei og.

Me hadde forresten ein del moro med stengning av dørene før me fekk skikkelig låser. Folk undrast på koss me stengte dørene for det fanst verken dørhåndtak eller nøklelhol. Dei var sikre på at me stengte dørene på innsida men dei fant ingen hol som me kunne komma oss inn og ut av. Dette blei helst eit problem for oss og, for me kunne ikke opne eller stenge så lenge det var någen som såg på, for då vilde me røba hemmeligheten med låsene, og koss me kom oss ut og inn. Det er kanskje nogne som lurer på det i dag og, men i dag er me ikke redde om folk ser på.

Dette er i grove trekk slik me har opplevd dette arbeidet sidan me begyndte her for 4 år siden. Og me er i dag veldig glad for at me har nådd det målet som me har arbeidet mot. Det har ikke akurat vore någen 8 timers dag. Me hadde forholdsvis god tid på oss, så me har tatt det som det har falt seg, men heile tida med tanke på at me måtte komma i mål til rett tid. Me har hatt mange koselige og gilde stunder i lag her, som eg i dag ikke vilde vore foruten. Me er og takknemmelige for den velvilje som er vist oss av div. firmaer, og privat personer, når me har bedt om div. ting eller tjeneste.

Kan kanksje og få nevna at me har mottatt Lions aktivitetspris for dette arbeidet.

Men det er ein ting som me er svært lite glad for. Som de ser har me måtte legge ut ein plastfolie i botten av vannrenna for at vatnet ikke skullle dra med seg jord og grus. Den skulle ikke vært der, den høyrer ikke heime i dette miljøet. I fjor haust hadde me fylt på jord og sådd i gressfrø her, for at dette skulle voks opp og binde jorda og danne eit grassteppe som vatnet skulle renne på. Dessverre var det nogen uvedkommande som klarte og sette på vatnet, og spylte både jord og grasfrø ut i bekkjen, og ned i stemmabrunå. Derfor har me måtte gjera det på denne måten i dag.

Til slutt vil eg få sittera någen få linjer av Herleif Gjersdal sin historie om kvernesteinane, og ham skriver det på denne måten: «Og kverna ho sveiv til krigen var slutt, og der atter vart finmjøl nok i forretningane å få kjøpt. Då vert kverna gløymt og heller lite påakta. Tok difor vare på denne kverna som hjelpte ei lita utkantsgrend, og i tillegg ein flokk flyktningar gjenom 4 lange år.

Ja, vær med å ta vare på denne kvednå – desse husene, og denne plassen, for dette er del av Riska sin historie.

Det fosser godt i kvernkallen
Det fosser godt i kvernkallen
Powered by WordPress | Designed by: suv | Thanks to toyota suv, infiniti suv and lexus suv
Rogaland Historielag