Side-alternativer
TUR TIL HAMRABØ
Søndag 7. september arrangerte Suldal sogelag Tur til Hamrabø. Veg fekk grenda først i 1978. Før var der berre ein traksleveg opp frå Lalid. I 1957 bygde dei taubane som gjorde det litt lettare å frakta tunge varer. Elles brukte dei kløv eller dråg om sommaren og slede om vinteren. Mikkel Havrevoll var med og fortalde om Børkjenes, Tveit, Havrevoll og Austarå som gardane heiter i bygda 300 m over havet.

