Personlige verktøy
Du er her: Forside Lokallag Suldal Sogelag TUR TIL STRÅTVEIT
Side-alternativer

TUR TIL STRÅTVEIT

Søndag 7. juni 2009, klokka 10.15 reiser me med buss frå Ropeid til Vats. I Vats vil me først og fremst sjå på garden Stråtveit ved Yrkesfjorden. Men det blir også tid til å sjå andre gardar og verksemder kring Vatsfjorden

Søndag 7. juni inviterer Suldal sogelag medlemmer og andre interesserte på tur  til garden Stråtveit.  Me tek buss frå Ropeid klokka 10.15 direkte til Vats. På turen gjennom Vatsbygda vil me visa dykk mange fine gardar som har vore og framleis er eigd av folk som ættar frå Suldal. I gammal tid vart det fortald at "Vats grodde over av Suldøl og Brakje."

  

Stråtveit garden  er om lag 5000 mål.  Garden hadde  vore i både kyrkjeleg og statleg eige før brukarane vart sjølveigarar i 1692. Denne slekta sat på garden i 280 år fram til 1972 då A/S  SKOG kjøpte eigedommen. Stråtveit har om lag 1500 mål produktiv skog. A/S  SKOG har teke ut mykje av dette og planta til med gran. Dei bratte ekrene er planta til med sjeldne tre frå mange land.  A/S  SKOG har bygd 5 kilometer skogsbilveg frå Stråtveit og fram til Raunes. 

 

Medan Stråtveit vart driven som gardsbruk, hadde dei ikkje veg, og bakkane opp frå sjøen var bratte og tunge. Dørhella til våningshuset ligg 168 m. o. h. Stråtveit vart driven som "sjølvbergingsbruk" lengre enn gardar flest. Dei mange bygningane på garden vitnar om dette. Alle husa hadde si  oppgåve i arbeid og produksjon. Selskapet har og restaurert våningshuset, løa, fjos, eldhus, stabbur, smia, treskeløa, kvernhus, sjøbua, utløa , sirkelsaga. Me kan og sjå murane etter folgehuset og husmannsplassane; Lon, Grebberhaugen, Hamn (  Habn ) og Krekjen. På Stråtveit får me sjå korleis folk levde og arbeida før i tida. Me kjem til å sjå på husmannskontraktar, høyra segner om  jotnar som kasta stein og folen som forsvann i kloven.  Me studerer revabåsen og høyrer soger om fangst av rev. Me vil studera og krypa inn i naturhola der geværa blei gøymde under krigen.  Den siste gardbrukaren på Stråtveit; Nils Larsen Stråtveit (1898 - 1981)vil i eitt  30 års gamalt intervju eg hadde med han fortelja oss fleire av sogene.

 

Me kjem til å treffa etterkomar etter Stråtveitslekta og etterkomar til ein av husmennene på Stråtveit. Truleg møter me også den siste omgangsskulelæraren som skula  borna som budde på Stråtveit og i Habn. Sjå annonse i Suldalsposten  onsdag 3. juni.

 Karl Gudvin Ohm