Fylkesstyret


i § 4 i vedtektene står det:

Laget skal leiast, fond og midlar skal forvaltast av eit styre på 7 medlemmer med 4 varamedlemmer.

Årsmøtet vel:

  1. Leiar for 2 år.
  2. 6 styremedlemmar for 2 år slik at 3 og 3 går ut etter tur.
  3. 4 varamedlemmer for 1 år.
  4. Revisor.
  5. Valnemd på 3 medlemmer og 1 varamedlem for 1 år.

Styret vel seg imellom nestleiar for 1 år.

Styret vert kalla inn av leiaren eller når to styremedlemmer krev det.

Skriftleg innkallling med saksliste skal sendast styremedlemmene og varamedlemmene minst 6 dagar føre møtet.

Munnleg innkalling og stuttare frist må berre nyttast i særskilde høve.

Lovleg innkalla styremøte er vedtaksført når det møter minst fem av dei innkalla og berre eitt av desse er varamedlem.

Styret har høve til å velja nemder eller utval til å ta seg av arbeidsoppgåver som laget arbeider med.  Leiaren i styret får melding om møta i nemdene og har høve til å møta, men utan røysterett.

Eit råd sett saman av fylkeslaget sitt styre og leiarane i lokallaga, møtes ein gong i året.

Powered by WordPress | Designed by: suv | Thanks to toyota suv, infiniti suv and lexus suv
Rogaland Historielag