Vedtekter – LOVAR


For Rogaland Historielag vedtekne på årsmøte 20. februar 1981med endringar vedtekne på årsmøte 17.februar 1988, 25. februar 1992, 25. mars 1995, 28. mars 1998, 16. mars 2002, 29. mars 2003 , 9. mars 2010 og 12. mars 2016 (revidert). (Rettet namn på Fylkeslaget mars 2013)

1.FØREMÅL OG OPPGÅVER

Rogaland historielag (RH) er eit fylkeslag med føremål å gjera Rogalands historie og ættesoge kjent, og ta vare på den norske kulturarven og arbeida for å auka interessa for lokalhistorie.

Laget skal danna lokallag og organisera samarbeidet mellom desse, andre kulturvernorganisasjonar og institusjonar i fylket og vera bindeledd mellom alle lokalhistorisk interesserte.

Laget skal:

  • Publisera lokalhistorisk kjeldemateriale.
  • Organisera avskriving, registrering og innsamling av kjeldestoff som kan brukast i lokalhistorisk arbeid.
  • Gje ut årbok.
  • Halda kurs.
  • Ha kontor med plass for bibliotek, arkiv og utsal av lokalhistorisk litteratur.

 2. MEDLEMSKAP

  1. Alle lag i Rogaland som har oppgåver i samsvar med fylkeslaget sine føremål kan vera medlemmer av RH. Dersom eit lag ikkje fylgjer vedtektene om å halde årsmøte kan fylkeslaget ta på seg å arrangera årsmøte i det aktuelle laget for å halde kontinuiteten i laget.
  2. Institusjonar, organisasjonar, lag, samt personar busette utanfor lokallaga sine opptaksområde kan vera tilknytte RH og abonnera på årbok, tidsskrift og andre publikasjonar. Slik tilknytning gjev ikkje medlemsrettar, jf. § 7.
  3.  RH er medlem av Landslaget for lokalhistorie (LLH). Alle lag tilknytta RH er automatisk også medlemmer i LLH.

3. KONTINGENT

Årsmøtet fastset lokallaga sin kontingent til fylkeslaget. Kontingenten skal reknast ut frå lokallaga sine medlemslister ved årsskiftet. Den skal vera innbetalt fylkeslaget innan 1. mars kvart år. I tillegg betaler lokallaga for nyinnmelde medlemmer i 1. halvår. Ved utrekning av kontingenten skal medlemmer som er med i fleire lokallag berre reknast med for eitt av desse.

4. STYRE

Laget har eit styre på 7 medlemmer med 4 varamedlemmer.

Årsmøtet vel:

a. Leiar for 2 år.

b. 6 styremedlemmer for 2 år slik at 3 og 3 går ut etter tur.

c. 4 varamedlemmer for 1 år.

d. Revisor for 2 år.

e. Valnemd på 3 medlemmer med funksjonstid på 3 år, men slik at ein går ut kvart år. I tillegg kjem 1 varamedlem for 1 år.

Styret vel seg imellom nestleiar for 1 år.

Styret vert kalla inn av leiaren eller når to styremedlemmer krev det.

Skriftleg innkallling med saksliste skal sendast styremedlemmene og varamedlemmene minst 6 dagar føre møtet.

Munnleg innkalling og kortare frist må berre nyttast i særskilde høve. Styremøtet er vedtaksført når minst fem av dei innkalla møter og berre ein av desse er varamedlem.

Styret vel nemnder eller utval til å ta seg av arbeidsoppgåver som laget arbeider med.

 

 5. FRAMLEGG FRÅ LOKALLAG

Kvart lokallag kan innan utgangen av januar månad senda framlegg til styret om saker ein ønsker tatt opp på årsmøtet.  Styret tar stilling til framlegga og legg fram si innstilling innan fristen for årsmøtesakene.

 6. UTSENDINGAR TIL ÅRSMØTE

Utsendingar til årsmøtet skal veljast i lokallaga.

Ved utrekning av utsendingar til årsmøtet skal tal på medlemmer i lokallaget leggjast til grunn:

  • Inntil 25 medlemmar gjer rett til 1 utsending
  •  26-50 medlemmar: 2 utsendingar
  •  51-100 medlemmar: 3 utsendingar
  •  Vidare får laget 1 utsending pr. overskytande 100 medlemmar ut over  dette.

 7. ÅRSMØTE

Årsmøtet vert halde kvart år, helst innan utgangen av mars måned.  Tid for årsmøte og sakliste vert utlyst i medlemsbladet og i eigen kunngjering til lokallaga, med 30 dagars varsel.

Årsmøtet har føre:

a. Årsmelding

b. Revidert årsrekneskap

c. Val av styre, revisor og valnemnd etter § 4

d. Fastsetjing av kontingent (§ 3)

e. Framlegg etter § 5

f. Utsendingar til LLHs landsmøte (annakvart år)

Røysterett på årsmøtet har dei valde utsendingane frå lokallaga og medlemmene i styret for RH.  Berre utsendingar frå lokallag som er ajour med kontingenten til fylkeslaget har røysterett. For å ha røysterett under pkt. f. må også kontingenten til LLH vera ajour. Lokallagsmedlemmer som har betalt kontingent har høve til å møta på årsmøtet med tale- og forslagsrett. Vedtak ver fjort med vanleg fleirtall, unnateke saker etter § 8 og 9.

 8. EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn etter vedtak av styret eller når minst 1/4 av lokallaga krev det. For innkalling, varsel og røysting gjeld dei same reglane som for årsmøtet.

9. LOVENDRINGAR

Vedtak om lovendring kan gjerast på årsmøtet med 2/3 fleirtal.  Framlegg til lovendring må vera styret i hende etter same frist som går fram av § 5.

 10. OPPLØYSING AV LAGET

Vedtak om oppløysing av laget kan gjerast med 2/3 fleirtal på to vanlege årsmøte etter einannan. Dersom laget vert oppløyst skal arkiv, bibliotek og lagets sine midlar haldast saman og gå over til Statsarkivet i Stavanger (som privatarkiv).

Powered by WordPress | Designed by: suv | Thanks to toyota suv, infiniti suv and lexus suv
Rogaland Historielag