Rådsmøtene 2012


Sakset fra lederen i Sydvesten nr. 4 2012, skrevet av Birger Lindanger:

For å gjera Lise og medlemmane våre kjende med kvarandre, har ho fått innleia til diskusjon på rådsmøta. Der tok ho fatt i heile sektoren av verksemda til historielaga, og stort sett fekk ho fyrt opp ein livleg og vesentleg debatt. Det fyrste rådsmøtet blei halde på Torvastad med 19 deltakarar frå sju lag på Haugalandet, det neste gjekk av stabelen i Sandnes og samla også sju lag og med kring 20 deltakar og den siste på Klepp hadde også 19 frammøtte frå sju lag. Slik sett møtte det altså utsendingar frå 21 lag eller om lag 2/3 av medlemslaga.
Samlingane fekk mykje karakter av idédugnad. Diskusjonen gjekk livleg og uhemma, og i referata er det nedfelt ei lang rekkje innspel til både å gjera Rogaland Historielag og lokallaga meir effektive. Dessutan var det mange som hadde gode røynsler med å lesa høgt ved sengekanten frå Ætt og Heim til born og barneborn. Slik blei det sådd frø til handlingsplanar for dei neste hundreåra.

Powered by WordPress | Designed by: suv | Thanks to toyota suv, infiniti suv and lexus suv
Rogaland Historielag