Ernst Berge Drange: Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke
Utgitt på Samlaget. Pris kr. 398,-
Rasmus Løland (1861-1907) frå Hylsfjorden i Ryfylke er ein pioner i norsk barnelitteratur. Han kom frå eit ressurssterkt gardsmiljø, viste tidleg talent for skriving, men var heile sitt korte liv ramma av sjukdom. Alt som 17-åring leverte han sine første bidrag til Fedraheimen, men debuterte først 30 år gamal i 1891 med boka Folkeliv. Løland skreiv i alt nærare 30 bøker, forteljingar, skodespel og romanar, både for born og vaksne. Han blir rekna som ein av dei første realistane i norsk barnelitteratur. I forteljingar som Paa sjølvstyr og Det store nashorne tar han barnets synsvinkel og skriv konkret og jordnært, utan moralistiske overtonar. Løland flytta til Kristiania i 1897 og blei ein sentral person i det nynorsk-intellektuelle miljøet i byen. Han var medarbeidar i avisa Den 17de mai, var aktiv i målrørsla og redaktør av Norsk Barneblad. Dei siste leveåra budde han på Labråten ved Hvalstad, som næraste nabo til Arne og Hulda Garborg. Han døydde 46 år gamal av tuberkulose.

