Beate Homlong. "...det fornødne Liffs Ophold... Kårkontraktar frå Etne 1756-1917"
Forlag: Lokalhistorisk stiftelse Pris kr. 150/200
Kårkontraktane - dei skriftlege avtalene om kår - fortel kva kvar einskild brukar tinga seg i underhald av den nye brukaren. Frå midten av 1700-tallet er slike avtaler bevart gjennom pantebøkene, før den tid er det lite truleg at denne typen avtaler vart nedtekna i det heile. Kårkontraktane gjev innblikk i einskildmenneske sine livsvilkår i alderdommen - butilhøve og livsgrunnlag. Gjennom kontraktane kan ein følgje utviklinga i kårinstitusjonen på 1700- og 1800-tallet, og korleis tilhøva for dei eldre endra seg.
Beate Homlong (1965) er historikar og oppdragsforskar, og har tidlegare publisert ei rekkje artiklar og bokmeldingar i faghistoriske og lokalhistoriske tidsskrift.

