Personlige verktøy
Du er her: Forside Til salgs Lokalhistorisk litteratur, diverse forlag Ingvar Olimstad: "Og funne det var på Jelse". Pilegrimsvandring gjennom Suldal til Røldal
Navigasjon
 

Ingvar Olimstad: "Og funne det var på Jelse". Pilegrimsvandring gjennom Suldal til Røldal

Utgjevar. Suldal kommune og Suldal Sogelag. Pris kr. 150,-

Røldal kyrkje var i mellomalderen det største pilegrimsmålet i landet, etter Nidarosdomen. Målet var eit krusifiks som sveitta kvar jonsoknatt og hadde lækjande kraft, vart det sagt. Ei segn fortel at krusifikset var funne i Jelsafjorden. Valfarten til den gamle stavkyrkja heldt fram i 300 år etter at reformasjonen gjorde slikt "papistisk uvæsen" ulovleg. I denne tida var pilegrimskyrkja anneks under Suldal kyrkje, og ein av dei viktige pilegrimsvegane gjekk langs fjordane og over heiane som i dag utgjer Suldal.

Side-alternativer