Personlige verktøy
Du er her: Forside Til salgs Lokalhistorisk litteratur, diverse forlag Kongskyrkje ved Nordvegen. Olavskyrkja på Avaldsnes 750 år
Navigasjon
 

Kongskyrkje ved Nordvegen. Olavskyrkja på Avaldsnes 750 år

Forlag. Lokalhistorisk stiftelse Pris kr. 250/300 Redaktører: Svein Ivar Langhelle og Birger Lindanger Forfattarar: Halvard Bjørkvik, Knut Helle, Svein Ivar Langhelle, Hans Emil Lidén, Birger Lindanger Biletredaksjon: Jørg Eirik Waula

"Kongskyrkje ved Nordvegen" fortel om Avaldsnes si rolle før og under samlinga av Noregsriket, om kyrkjebygget og kongen si rolle. Her får me vita korleis kyrkja dreiv handel, gjestgjevarverksemd og politikk, men også korleis ho fungerte som godseigar. Boka fortel om reising av kyrkjebygget, men også om korleis ho forfall og blei reist på ny. Me får vita om framståande og dyktige prestar som heldt til på Avaldsnes, men også om dei stride og merkelege prestane. Ikkje minst dreg boka fram menneska kring kyrkja, om deira tru og tankeliv, om magi og trollskap, men også om skiftande syn på kva som var rett og gale.

Side-alternativer