Morten Heiselberg og Ola Søndenå: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940
Wigestrand Forlag. Kr. 245,-/295,-
Boka presenterer nærare 300 fotografi frå Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Kvitsøy, Rennesøy, Sauda, Strand og Suldal. Mesteparten av bileta er tatt av lokale amatør- og yrkesfotografar, samt av landskjende fotografar som Knud Knudsen og Anders Beer Wilse. Med Ryfylke-landskapet som rammeforteljing syner bileta ryfylkingar i kvardagsliv og samfunnsliv, i arbeid i jordbruk, fiske og industri, i tillegg til bilete av byggeskikk, stader og landskap, samferdsel og turisme.
Bileta vert presenterte i stort format, med tekstar som fortel historie knytta til fotografia. Boka har eit fyldig personregister med nærare tusen namn, samt geografisk register.

