Nancy L. Coleman og Olav Veka: "Du skulde og været her, kom til vaaren!"
Utvandringa til Amerika frå Helland i Sand med tilhøyrande slekter 1861-1912. Eige forlag. Pris kr. 250,-
Du skulde og været her, kom til våren!", skreiv Alida Helland i 1909 frå prærien i Nord-Dakota til syster si på småbruket heime på Helland i Sand i Ryfylke. På 50 år reiste 50 personar frå denne vesle grenda til Amerika. Boka handlar mest om dei som reiste og litt om dei som ikkje reiste. Lesaren vert ført inn i ein liten bit av norsk utvandringshistorie med

