Ruth Anne Moen (red.). Eg rodde på spreng - ifrå Hidle til Heng
Wigestrand forlag. pris kr. 119,-/249,-. Med CD.
Strand mållag og Ryfylkemuseet har saman laga ei bok med lokal folkemusikk som m.a. kan nyttast i skule og barnehage. Her er mange småstubbar som har vore sunge for borna og vidareførte frå generasjon til generasjon. Notenedteikningane er gjort av Ruth Anne Moen etter opptak. I tillegg er det tatt med nokre avskrifter frå Holger Barkved og Olav Sande sine notesamlingar. Dei fleste tekstane er skrive ned på dialekt, nært opp til slik informantane syng.

