Prosjekter


Historia om tidlegare Hetland og Madla kommunar

Etter reorganisering har RH frå 2017 hatt ansvaret for arbeidet med å få skrive eit lokalhistorisk verk for tidlegare Hetland og Madla kommunar og med Ivar Andersen, Tasta historielag, som prosjektleiar. Ivar Andersen og Birger Lindanger har teke del i møte både med representantar for UiS og kultursjefen i Stavanger kommune for å fylgja opp prosjektet. Stavanger kommune  har nå løyvd midlar til prosjektet over ein periode fram til byjubileet i 2025. Som ein del av dette prosjektet samarbeider laget også med UiS og Nasjonalbiblioteket v/NLI om interaktiv historieskriving i Stavanger.

Prosjekt om dialektane på Haugalandet

Dei blei i 2020 tilsett ein prosjektansvarleg, Ivar Sveine, i 20 % stilling. Fagleg ansvarleg for prosjektet er professor og talemålsgranskar (og styreleiar i Eigersund historielag) Jan Kristian Hognestad ved UiS. Målet med prosjektet er å dokumentera haugalandsdialektane i tid og rom. Dette prosjektet er nå fullført og det ligg føre 183 intervju frå regionen. Tilsvarande prosjekt er òg i emning i Suldal og på Jæren.

Bispedømmejubileet 2025

Rogaland historielag har vore i kontakt med bispekontoret, og det er semje om at det her bør leggjast opp til eit samarbeid. På grunn av koronaepidemien er likevel møteverksemda her utsett, men ein har oppmoda historielag og sokneråd om å ta kontakt for eventuelt å få til lokale arrangement. Det er òg tankar om eit fellesseminar hausten 2022.